Paa Skare-Kula
Register Ordforklaringer
Fri

Arne Garborg

Haugtussa



DEN STORE STRID



Haust

No rullar Have svært mot Land
med Skùm um skavlande Ryggir
og bryt seg sprengt mod Øydestrand,
der berre Vindtroll byggjer.
Og Stormen skrik i ville Gru,
der yvi Djup han jagar
med Fòk og Ròk um Rev og Flu
i desse haust-myrke Dagar.

Eg høyrer den villande Skræmesong
av Møy som Brìmhesten rider;
ho kvad og galdra so mang ein Gong
mot Naud og Nedgangs Tidir.
Det gjeng som Sorg, det gjeng som Spott,
det gjeng um Vaa og Vande;
det er den varslande Vildrelaatt
som skræmmer Liv av Lande.

Og Jordi skjelv i Havsens Marm,
der bleik ho frys i sitt Snøyde;
det folnar Bø og det kolnar Barm;
det vert i Verdi øyde.
Den siste Graa-Gaas strauk mot Sud;
tungt under Sky ho kava;
alt Liv i Hie og Vinterbu
vil ned og burt seg grava.

Lauvsblokka rustnar i livde Lund
og ryk av sinom Kviste;
det vart so syrgjeleg stutt ei Stund,
til ho sitt Ynde miste.
Paa Vollen blømde Blomar smaa',
so sælt mot Soli nøydde;
no er der ingin meir aa sjaa.
Dei folna burt og døydde.

So døyr det burt i den unge Barm,
so folnar Blom og Blide,
naar Saknad sløkkjer Voni varm
med Taarir salte og stride.
So døyr det burt, so døyr det ut,
mitt Liv med alt, det drøymde,
naar Elskhug vendest til Harm og Sut,
og Guten burt meg gløymde.

No er her sturt, no er her kaldt,
og Stad og Stund meg møder;
mi svikne Von tok fraa meg alt,
og Hjarta svider og bløder.
Og Have rullar svært mot Land,
og Regne driv mot Rute;
det syng og susar um Øyde-Strand
at no er allting ute.




Raadlaus

Aa gode min Gut,
aa vene min Gut,
nei burte fraa deg held eg aldri ut.
Alt dreg meg og dreg
til deg og til deg,
og kvar eg vil gaa,
eg minnast deg maa,
og Taara brenn som den beiske Lut.
- Aa, aldri meir kann eg trivast.

Aa snilde min Gut,
aa gjæve min Gut,
for deg so gav eg min siste Klut.
Ja var du meg god,
so gav eg mitt Blod,
og var eg ditt Viv,
so gav eg mitt Liv,
um deg eg fekk fri av den minste Sut.
- Aa du som eg trudde av Hjarta!

So trygg og varm
i din gode Arm
eg gløymde Sorg og eg gløymde Harm.
Men aldri meir
eg finne deg maa,
og aldri meir
deg i Augo sjaa,
og Graaten brenn i min kjøvde Barm.
- Aa nei, at du kunde svike.

Kvar skal eg meg snu;
kven skal eg vel tru;
eg finn kje Veg og eg finn kje Bru.
Alt vendest til Naud;
eg ynskjer meg daud;
kvar skal eg vel av,
utan djupt i Grav;
for alt eg hadde so var det du.
- Aa! - aldri ein glad Dag meire.




Den som fekk gløyme

Den minste Minning eg um deg møter,
so tungt det tek meg, so saart det grøter;
det minste Orde eg høyre maa, -
med Hjartegraat gjeng eg derifraa.

Eg skulde aldri den Suti gøyme,
naar so det var at eg maatte gløyme;
eg skulle aldri gaa sjuk i Kring,
naar eg fekk gløyme den eine Ting.




Kor hev det seg?

Kor hev det vorti Veslemøy no.
Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid eg kann ikkje meir forstaa.
Den same gjeng eg, i same Ferd;
men d'er som eg var i ei onnor Verd.

Alt ser eg og hugsar som daa eg saag;
men stur er eg no der fyrr eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annarleis, annarleis enn det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk.
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Heid og framand er Myr;
framand tykkjest meg Katt og Kyr.
Framand glor det sin eigin Veg;
vil meg kje noko. Kjenner kje meg.

Stogo gleiner so kald og graa;
audt og stuslegt det er i Kraa.
Som vali gjeng eg paa Hand og Fot;
alt fell meg tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

Aa, denne Heimen so god og kyrr;
aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr!
- Nei Mor, eg kann ikkje vera glad;
Hugen min er paa ein annan Stad.




Vinter-Storm

Aa lat det bure, aa lat det braka;
lat Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.

Um Stormen tok baade Hus og Hytte, -
det var eit Bìl daa eg mindre sytte.
Um Jordi gav seg i djupe Grunn, -
daa fekk eg gløyme ei liti Stund.

Um Sky datt ned som paa Himlen flakkar,
um Have braut yvi alle Bakkar,
ja um all Verdi seg søkkte ned, -
so var det Slutt og so vart her Fred.




I Kyrkja

Eg sìt i Kyrkja som Snikjegjest;
eg gløymer Gudsord og gløymer Prest,
- eg arme!
Eg lesser Synd etter Synd paa meg,
for um eg ein Glimt kunde faa av deg.

Og naar eg ser deg, eg veit meg knapt;
det bløder i Barm; eg er som fortapt
- eg arme!
Alt vert for Augo til Glim og Glod;
og Vonir vaknar i varme Blod.

Men er du burte, ligg allting audt;
det sloknar i meg og kolnar daudt;
- eg arme!
Modlaus eg dreg meg paa Heimveg att,
og Tankar vildrar som Sky i Natt.

Og ser eg henne, som sìt so trygg
langt framme der med sin breide Rygg
- eg arme! -
daa veit eg kje meir kva eg tenkjer paa.
Eg skvett og vaknar, naar Folk vil gaa.
- Aa, frels oss ifraa det vonde!




Ein Bêle

Det kryp ein Haugbukk fram under ein Stein.
Han hev Horn i Skallen og Bukkebein.

Og aldri saag du so langt eit Skjegg;
det rekk midt nedpaa hans magre Legg.

Og aldri saag du slikt Skrukkeskinn;
det valkar seg ut og det snurpar seg inn.

«Her bykste eg rundt i nihundrad Aar;
men aldri veit eg so varm ein Vaar.

Og aldri veit eg so vent eit Viv;
men her gjeng du gjæter og Sauir driv!

Ja her du gjeng i ditt attande Aar;
og enn maa du bera ditt Gjente-Kaar.

Men daa maatte Verdi seg um ha skift,
um ikkje du skulde snart bli gift.

Og daa maatte Verdi ha skapt seg paa Tull,
um ikkje du fanga Gard og Gull.

Men høyr ikkje paa denne Blaahaug-Kallen;
slik Jypling som ikkje hev Horn i Skallen!

Og høyr ikkje paa denne Blaahaug-Krok;
slik Arming som eig knapt si eigi Brok!

Tru kje paa det den Ljugaren kvad;
Mor hans gjekk haug-imillom og bad.

Men vil du, so er eg den Guten gilde,
at snart eg skal gjera det helst du vilde.

Gjev meg den Duken du ber um Barm;
av den dreg eg ut din heitaste Harm.

Av den dreg eg ut ditt tærande Hat;
det fær ho i Kveld til Salt i sin Mat.

Daa ligg ho i Morgo og ille læter,
men tagnar - so vel - um tolv-trettan Næter.»

Veslemøy løyser det lette Plagg;
daa stansar ho braatt; ho kjenner eit Agg.

Skal ho? Vil ho? - Dette er stygt.
Daa riv ho det laust og gjev han det snøgt.

«Hehe!» mekrar Trolle med Gledefaktir;
«men Løn eg tek for dei Natte-Vaktir!

Naar Drosi fraa Aas til Kyrkjegard dreg,
daa rid ho Veslemøy Brudferd med meg!

Men aldri so vere du syrgjefull!
Eg klæd deg upp i det skinande Gull.

Eg vil ikkje skryte; eg er ikkje kaut;
men paa Fjose mitt hev eg tolvhundra Naut.

Grisir hev eg som Stein i Strand;
Smalen min aldri eg telja kann.

Land eg eig fraa Hav og til Brè.
Og er eg rik, er eg fager med.

Horn hev eg framme som drusteleg Dreng,
og bak hev eg au det eg tarv og treng.

Eit betre Gifte du aldri naar:
rik Mann og gild, i dei beste Aar!»

«Eg vil ikkje! Nei; ho skal ikkje døy!»
ropar angrande Veslemøy.

Til Gud ho bed og slær Kross for seg:
«gjev meg Duken og drag din Veg!»

Burte er den byksande Svein;
Duken ligg att ved den graae Stein.

Duken ligg att paa den Tuvebanke.
Veslemøy skjelv for sin vonde Tanke.




Uro

Kor skal det gaa meg, naar Gud eg gløymer,
og Hjarta sjukt seg i Elskhug drøymer?
Kor skal det gaa meg so sant og visst,
naar burt meg sjølv eg so reint hev mist?

Og aldri kann eg meg atter vinne,
og aldri meir kann eg til meg finne;
so vel er stengd baade Von og Veg; -
eg maatte finne meg sjølv i deg.




Bøn

Aa hjelp meg du som hjelpe kann!
Du ser kor saart eg strider.
Mitt Hjarta trøytt i tunge Band
forutan Von seg vrider.
Mi Naud eg kann kje ut faa sagt;
det vonde fekk so stor ei Magt;
som Brand i Barm det svider.

Ja hjelp meg du som hjelpe kann!
Til deg mi Bøn eg sender.
Du stridde sjølv og yvi vann;
du Myrkje-Magti kjenner.
Mi Naud er stor, min Strid er fæl;
ver hjaa meg du som vil meg vel!
Daa veit eg alt seg vender.




Paa Vildring

Lange Tidine sig og skrid;
det gjeng paa Tròt og paa Tjon.
Gud hjelpe den som i Sjælestrid
slepper si gode Von!

Vinter ligg yvi Verdi aud;
han vil seg full' aldri snu.
Gud hjelpe den som i Sjælenaud
slepper si gode Tru!

Veslemøy trøytnar i tunge Kav;
ho kjem ut-av Veg og Leid;
misser sitt Mod og vildrar seg av
og gjeng i Trollkjering-Heid.

Um Natti Trollkjering-Bole ho finn;
«høyr meg! No kjem eg til dykk.
Eg skal meg skrive i Boki inn;
men gjev meg ein Elskhugsdrykk!

Ein Drykk som Hugen kann vende braatt
for min Gut til hans rette Møy!
Eg vil honom eige ei einaste Nott
og so i Djup-Hylen døy.»

Kjering myler og hengjer paa
Seidkjelen svidd og svart:
«he-he, den Vegen det lett vil gaa;
men slikt gjer eg aat full' snart.»

Ho drøyper av Horn, ho blandar av Glas
med Mulling og mange Læte;
ho mengjer Røtar og Løyndegras
i nordan-rennande Væte.

Kjelen sjoar med Kvink og Klukk;
Kjeringi galdrar og syng;
«no syd eg Taare, no syd eg Sukk;
no syd eg den Hjarte-Styng.

Eg syd det kjætande varme Blod
som brenn etter kjælne Gut;
eg syd med Galder, eg syd med Glod,
eg syd med Eiter og Krut.»

Ho vekkjer Veslemøy Blod av Barm
og droplar Dropane tri.
Ho tek sin Trollhatt paa hærde Arm
og blandar av hans upp-i.

«Eg manar for Svik, eg manar for Mein;
eg manar med Maatt og Magne;
tri Gongir tri! I Blod og Bein
dei falske Hugar tagne!

Eg galdrar for Jon i Skarebròt,
eg galdrar med Sòd og Søy;
du Drykk! du vende den Hugen kaat
til Gislaug, hans rette Møy!»

Kjelen sprutar med Os og Fræs;
Eimen stend gul i Tak;
Kjeringi sputtar og blæs og les;
det gjeng um Novine Brak.

«Tri Gongir tri! I Namn av den
som eig det svarte Velde!
Satanas! Satanas! - Hui! Det brenn!
- No er de baae selde.» -

Upp ho lyfter den svidde Hand,
og alt er stilt som Grav.
Daa kjende Gislaug, at Rædsla vann;
det var som ho svimra av.

Alt vingla og vippa og rangt seg vreid;
det dansa Golv og Gruve ...
Ho fann seg kje att fyrr langt ut i Heid,
paa Sprang yvi Stein og Tuve.




Ho vaknar

Daa vart det sagt eit lite Ord;
ho høyrde grant det kviskra Mor.
Daa stilna det i Bringe.
Kva hev ho tenkt? Kvar vil ho gaa?
Ho aldri meir kann Mor si sjaa.
Her er kje langt aa tinge.
Ho maa i Hylen springe.

Ho stend som sprengd av Synd og Skam.
Daa stig det stilt ein Skapnad fram
meir kvit enn alle Fennar.
Rik fell den ljose Kaapa ned.
Veslemøy sig med Rop i Kne.
Fram gjev ho rædde Hendar.
No ser ho, allting endar.

«Aa kjære Syster, sæle Møy!
aa hjelp! no maa eg Dauden døy;
eg gav den vonde Magti!
Eg ligg i Synd og Satans Vald.
Han hev paa meg so fast eit Hald.
Eg somna av paa Vakti;
eg svor den vonde Pakti!»

«Vend deg til den som Sol hev skapt.
Enn er du ikkje reint fortapt,
du arme Syster kjære!
Reis deg med Magt og ut deg rykk;
gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Tòl du lære!
- Du ut er vald til Ære.»

Burt slokna Syn og Kvæde; matt
stend Gislaug der aaleine att,
med Von- og Vigsels-Taare.
I svære Strid ho yvi vinn;
det vaknar Mod i mødde Sinn.
Ut, ut or Fall og Faare! -
Høgt les ho Fadervaare.

Dei trøytte Føtar Vegen snur.
Ho finn det svarte Trollebur,
og Døri upp ho river.
«Eg vil kje eige Hjelp av deg!
Eg vender um fraa denne Veg!»
Og Flaska inn ho hiver,
so Glod og Gneistar driver.




Ei tung Stund

Den lange Vinter lakkar;
han syng paa sin siste Sull.
Det brunkar i kvite Bakkar,
og Aai fløymer full.
Med Hjul maa bytast Meidar
paa Veg og Køyrefar.
Det driv med Regn i Heidar
og yvi den graae Gard.

Der inne i gamle Stova
paa Sengi høg og mjuk
maa Gislaug ørski sova;
so braatt ho lagdest sjuk.
Ho søv til Syrgjelundar
som døyvt gjenom Huse smyg;
so læt det med mange Munnar,
naar Vestanvinden syg.

Ho søv til Syrgjetonar
av Vestan-Sòg og Tòt.
Ho trur og visseleg vonar,
det er hennar Likferds-Laat.
Naar Guten, ho sorgfull miste,
rid Brudgom med falske Viv,
han møter den svarte Kiste,
der Gislaug ligg kald og stiv.

Men Svevn vil Ungdom styrkje
som Natti den spede Knùpp.
Daa Guten rid til Kyrkje,
daa stend ho Gislaug upp.
Ho sìt ved grøne Rute
og ser yvi Vegen nord;
det glytte med Sol der ute,
daa Brudferdi franum fór.

Aat Sengi att ho vender;
ho vart so arm og veik.
Og heite Taarine brenner
ned yvi Kinni bleik.
Ho vrid seg Nætar og Dagar
og inkje Kvild kann faa;
so saart ho kvider og klagar,
at lenger ho lìva maa.

Med Hagl og Holke-Splintir
og Isvind og Drivesnø
den sture Ettervinter
seg klengjer til Bygd og Bø.
Det er so vonde Tidir
med skifting att og inn; -
det er dei siste Stridir,
fyrr Vaaren kjem og vinn.




I Blaahaug

Vaat heng den tunge Lufti.
Det dryp av Kvistir og Runnar.
Myrkeskodd velter ollande inn
or Hav og Himill-Grunnar
som Skuggen lett og som Natti stinn.

Burt kvervest Taarn og Tuftir
og Haugar og alle Bøar.
Som gløypt og gøymt av dei store Votn
ligg Land under Tòkusjøar.
Alt er som var det paa Havsens Botn.

I lyngsvarte Markir inne
Veslemøy Smalen saknar.
Eit Havbrak susar fraa Vestansjø
med Tòt og tunge Tankar.
Ho glett i Holke og Flekkesnø.

I Skodda inn ho hildrast
og um paa Villheidi tumlar;
dregst av Rop og flakkande Ljom
og Gulp som or Aai mumlar.
Det vaknar og lìver med Tussedom.

Upp or dei djupe Hyljar
stig som glidande Skuggar
Nøkken blaa paa sin halve Hest
og Vasstroll med vaate Luggar.
Dei okar seg fram som dei orkar best.

Or Haug og blaae Heller
rid lange Radir og Reidir
fram yvi flekkut Grovemyr
og inn dei lange Leidir
med Om av Ringling og Rop og Styr.

Som der ho gjeng i Draumar
og slitst av dei saare Minne,
so stend ho uppi ein Alvedans-Ring
og er der som mana inne
med Skodda tett som ein Vegg i Kring.
*
Vâr ho lyfter si Augne-Brun;
daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun.

Still ligg Garden i stengde Trygd,
maaneskinsljos, i ein Firkant bygd.

Tunet er som ei Mose-Eng;
Svalgangar breide ikringum gjeng.

Rausti er blaae med gylte Flak;
Sular av Sylv ber det høge Tak.

Borgar svære Sulane bind;
d'er Orm og Drake, i Bugt seg vind.

Slottet lyser, i Høgtid strekt,
med berre skinande Kopar tekt.

Taarn seg lyfter med Glim og Tir;
Gullhanar glor paa dei høge Spir.

Som der ho stend, fortenkt og fortryllt,
er heile Tune med Hovmenn fyllt.

Fagre Møyar i kvite Lin
av Sylgjur og Lad og Gulldobbar skin.

Daa tinklar det stilt som av Bjøllur smaa,
so vent at Veslemøy graate maa.

Og upp det stryk med so vill ein Slaatt;
Veslemøy er millom Graat og Laatt.

Sist kjem det ein Lund so sæl og so blid;
ho var kje so glad i si heile Tid.

Fram dansar dei Møyar i ljose Rad:
«her kann du alltid faa vera glad.

Der ser du Kongen; vil her du vera,
skal Dronning-Krune og Krans du bera.»

Veslemøy ser den Haugkallen blaa
Konge staut i Svalgangen staa.

Kruna lyser som raude Glod;
Purpure er som det heite Blod.

Kongsstaven skin av brennande Stein
som Elden gul og som Logen rein.

Herleg er Kongen, fager og gild; -
all denne Stordom ho eige vil.

Dansen gjeng yvi Tune kaat;
Tonar lokkar og Felelaat.

Aldri var ho so ør og glad;
daa Møyane spurde, svara ho ja.

Det er dei Møyar i kvite Lin;
dei flir henne Staupe breddfullt med Vin.

«Drikk, so opnar seg Kongens Borg!
Drikk, so gløymer du all di Sorg.

Drikk av Staupe, og drikk det ut!
Daa gløymest den hardaste Hjartesut.

Tenk deg kje um, men gjer som me song!
No bydst deg dette for siste Gong.»
*
Veslemøy bleiknar um brune Kinn;
det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn.

Veslemøy bleiknar um brune Vangar;
Tanken vaknar og Minne fangar.

«Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?»
- «All di Sorg den sløkkjer me ut.»

«Sløkkjer de Elden som heitast brenner?»
- «Naar Staupe er tømt du Inkje kjenner.»

«Ja vil de sløkkje den Suti heit,
- den kann eg kje misse for alt eg veit.

Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.

Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn,
fyrr gjeng eg Narr i mi heile Grend.

Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand.

Ingin annan fær meg i Famn;
no riv eg meg laus i Jesu Namn.»

- Alt er burte. I Skodda sansar
ho liksom ein Skimt av kvervande Svansar.




Paa Skare-Kula
Register Ordforklaringer
Fri