Veslemøy synsk
Register Ordforklaringer
I Gjætlebakken

Arne Garborg

Haugtussa



JOL



Ungdom

Det er Joletid; det er Annandag.
Hjaa Gamlemor held dei sitt Danselag.
Dit flokkar seg Gut og Gjente.
Føre er fælt med Snø og med Slaps;
Vegane er berre Grugg og Graps;
men alle so er dei plente.

Me veit kor det er i Ungdomens Tid;
etter all den kvardagsleg' Sut og Strid
ein Leik so hjarteleg smakar.
Og Gleda er gjæv og Gleda er kjær;
dei hoppar som Folar og Rundkast slær
og spenner i Golv so det brakar.

Og Guten drikk seg eit lite Mot;
so sullar dei fram paa dansande Fot
og held seg i varme Hendar.
Aa hei! ropar Guten og svinger sin Arm;
og Gjenta smyg etter so sæl og varm
og lær med dei kvite Tennar.

Og Gleda svell i den unge Barm;
gløymd er baade Strid og Sutir og Harm,
og Live stormar og strøymer.
Hugen leikar og Augo lær,
Elsken gløder og Hjarta slær;
det er Stundir ein aldri gløymer.

Men vert det for mykje med Drykk og Braak,
og vaknar Sinne med Slaasting og Staak,
daa kjem han, den vonde Mannen.
Og sìt i Kraai og flirer og glor.
Og daa gjeng det laus med Meinferd og Mord,
til dessmeir Hugnad for Fanden.

Daa fèr ei Uferd so mang ein Gut,
og Gjenta kjem ut i Skam og i Sut,
og Gleda vendast til Vaade.
Di skal me fagnast paa sømeleg Vis
og all Tid gjeva vaar Herre Pris,
som unner oss Liv og Naade.




Lage

Aa hau deg og hei, no tek Fela i,
og ho lær og læt
og syng og græt;
aa kom, aa kom no, du Gjenta mi,
no skal me sulle saman.
Aa lengi gjekk me no kvar for seg
og lengta so langt
og tenkte so mangt;
no hev du meg her, og no hev eg deg;
det er so godt eit Gaman.

Aa hugsar du sist paa den grøne Eng;
eg sneidde og slo,
du breidde og lo;
so sat me kvilte paa Moseseng;
aa du, det var blide Dagar.
Eg saag paa deg og du saag paa meg,
og me lo so godt
og forstod so godt;
eg tenkte med meg: dette jamnar seg,
og sidan seg allting lagar.
Aa ja, du Gjenta mi,
det er so lang ei Tid;
eg segjer fritt,
og tenkjer tidt:
aa var me no alt paa Veg!
Her er so leidt og kaldt,
og d'er so langsamt alt,
men hadd' eg ho
eg meiner no,
so sytt' eg kje meir for meg.
Aa hei! lat oss danse med' Dansen gjeng!
no Soli ho snur,
og Joli ho snur;
lat gaa det paa Kar, lat gaa det paa Spreng!
No gjeng det paa rette Maate.
Til Vaars, kven veit, stend ein annan Dans;
hei! det skal bli Stell,
hei! det skal bli Smell;
ja daa skal me leike forutan Stans,
aa du, so glade og kaate.
Og rundt dei sviv
i laage Rom
med Hopp og Hiv
og Fele-Ljom,
og Guten rak
i faste Tak
si staute Gjente svingar.

Dei stormar paa
med Kast og Spenn
fraa Kraa til Kraa
so Duren stend;
og Drengen blid
med Drosi si
um sæle Hjaasvæv' tingar.
Men Gjenta vâr
med Smil og Spott
gjev snøgge Svar
til Glis og Laatt;
og Øle renn,
og Blode brenn,
og Slaatten kved og klingar.
*
Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa
og ser paa og myler og mumlar;
ho ser det dei andre ikkje kann sjaa,
som villt seg i Dansen tumlar.
I Stogo det kryr
med alle Slags Dyr;
dei hoppar som Skuggar og flyg og flyr.
Kvar ein og kvar ei hev Vardyvle sitt,
det fylgjer so trugi sin Herre;
det eine er svart, det andre er kvitt,
eit stygt og det andre verre.
Aa kunde dei sjaa!
dei fælte visst daa
og Vondskap og Villskap seg vende fraa.
Han Topp-Ola Leite strokin og stram,
som sviv der med Midja den svange,
han hev til Fylgje ein Haneham
med Sterten og Sporane lange.
Han Daase-Per Skau,
han heve ein Sau,
og sløge Jo Bliland hev Reven raud.
Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut,
maa fylgjast med Feitsugga fæle;
han Andrias Haaland, den Gjentefut,
hev Bukken hoppand' i Hæle;
men søtmælte Svein,
som gjeng der so rein,
hev Vargen den graa' med dei lange Bein.
Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp,
han fekk korkje Høy eller Vatten;
og Bjørnen er med han Sterke-Lars Kamp;
men Haale-Jakop hev Katten.
Han Kristian Skar
vil vera slik Kar,
men Hare-Pus spring i hans Fotefar.
Ho Skravle-Guri, ho hev ei Geit
med Horni som kvast kan rispe;
med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit,
og Berit Floks hev ei Tispe;
ho Mari der Nord,
ho heve ei Skjor;
ho Langskankle-Rakkel hev Merri stor.
Ho Maren og Mette og Lisabet
og Stine fraa Storbrekke-Møne
og Jórina Klopp og Olina Klett,
dei hev berre kvar si Høne.
Men Megga fraa Aas,
med Sylv under Laas
og Garden aaleine, ho hev ei Gaas.
So leikar dei rundt i lysteleg Dans,
paa tvo Bein og andre paa fire;
det svingar med Arm og sveiver med Svans;
det dissar i Stokk og i Spire.
Daa høyrest det Traakk.
Inn støler ein Flokk ...
Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok!
Huldri or Haug,
Tuft og Dverg og Draug,
Bøyg og Bustetroll
bykser inn i Koll;
lufsar i Kring
lett som inginting,
kravlar upp paa Kant og Kiste;
lempar seg Rom
midt i Staak og Ljom,
dansar der i Kraa;
ingin kann det sjaa;
Gryte og Kjel,
Horn og Tussespél
læt ein Laatt som ingin visste:
Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord,
Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord,
Kviskring i Kraa, Dùn av døyvde Ord,
Kvasl av Lauv, som fell fraa Kviste ...
Sulle no, tulle no,
Graakall og Graakulle,
tulle no, sulle no,
svævd er Sol;
humpe no, hoppe no,
Graatopp og Graatoppe,
hoppe no, humpe no,
hau! d'er Jol.
Bummel,
bammel,
Rokkedans og Rammel,
myrkt fraa Berg til Blaane,
Bammel,
bummel,
Rangedans og Rummel,
sløkt er Sol og Maane.
*
Og villt og villare, hei! det gjeng,
hei! kringande deg,
hei! svingande deg;
no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng,
no gjeng det forutan Maate.
Og aldri saag du slikt Hurlumhei
med Sveim og med Staak,
med Bræl og med Braak;
det durer i Natti paa langan Leid,
og dei er fulle og kaate.
Tingel,
Tangel,
Rumledans og Rangel,
Brak i Bjørnekjole ....
Og her er Guten, aa hei og haa!
gjenom Berg og Fjell,
gjenom Os og Eld;
aa vil du meg ha, so kann du meg faa;
eg fær naar eg berre peikar.
Aa kom med Truten, aa haa og hei!
slik drusteleg Dreng
kann du faa i Seng;
det finst kje slik Kar um til Rom du reid;
aa ser du kor lett han leikar.
Tangel,
Tingel,
Vavredans og Vingel;
godt og myrkt i Joli ...
... ... ... ...
*
- Veslemøy sit som tryllt og glor,
og tungt av Barm ho andar.
No gjeng det baade ned og nord;
for Troll og Folk seg blandar.
Og Ljosi dovnar. Myrkre meir
og meir seg saman ringar.
Tussar tumlar seg fleir og fleir.
- So stryk det upp med Springar:
Aa gjævaste deg,
eg giljar for deg,
aa sulla med meg
        i sudeli-dudelidei.

Venaste deg,
aa venta paa meg,
no kjem eg til deg
        i dudelidei.

Aa hildrande du,
no vil eg meg snu
og byggje og bu
        i Haukeli-Haukeli-hei.

Gildrande du,
med meg skal du bu
og Rokken din snu
        i Haukeli-hei.

Ragg skal du spinne,
Traad skal du tvinne,
Sokk skal du binde,
        surelilei;
eg skal deg sulle,
stelle og stulle,
hyggje og hu-
        -delideia!

Vev skal me renne,
Rev skal me vende,
Brisk skal me brenne,
        surelilei;
Vogga skal knaka,
Reinknok skal smaka,
Braud skal me bak-
        -elibeia!

Aa gjævaste deg!
aa gilja til meg,
og sulla med meg
        i sudeli-dudeli-dei;
venaste deg,
aa venta paa meg,
no kjem eg til deg
        i dudeli-dei ...
... ... ... ...
*
... Mjukt som i Graat
tonar Harpelaat,
lokkar lett og linn
liksom Sùmarvind,
voggar seg blid,
strøymer sterk og fri,
svævest av i Draum og Stille;
vaknar so spakt,
velter fram med Magt,
brusar upp i Brand
liksom Marm ved Strand;
søtt som i Blund
stig ein fager Lund,
elskhugsvarm, med sorgblid Trille ...
Fram dansar ein Haugkall fager og blaa
med Gullring um Haare som fløymer;
han giljar for Veslemøy til og fraa,
og Tonar ikring honom strøymer.
Aa hildrande du!
Med meg skal du bu,
i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
Um Dagen er eg den brune Bjørn,
som bykser i Skogane vide
og laugar mitt Ragg i djupaste Tjørn
og vassar i Straumane stride
og leikar i Strand
og raar yvi Land,
so langt som ditt Auga det timja kann.
Men naar det lid til Midnettes Bìl,
og Dagen i Haug er gjengin,
daa høyrer du Klunk og yndelegt Spél
som linnaste Lokking fraa Strengen;
daa kjem eg til deg
fraa villande Veg
og søv i din Arm, til det vekkjer meg.
Men du skal sitja i Blaahaug Brur
i Silke og Sylv so det bragar,
og aldri kjennast saar eller stur
i alle dei Lìvedagar.
Aa hildrande du!
Med meg skal du bu,
i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
Han rettar ut si Bleike blaa Hand;
ho skjelv av Uro og Otte.
Men daa den Møy skuld' kysse den Mann,
daa hadde han Munn som ei Rotte.
«Aa Jesus!» - ho bed
um Frelse og Fred
og sig i Uvìt av Benken ned.




Veslemøy synsk
Register Ordforklaringer
I Gjætlebakken