Dømd
Register Ordforklaringer
Det vaarar

Arne Garborg

Haugtussa



DEI VIL TA HENNE



Maaneskinsmøyane

Jordi søv i sitt Vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i Sylve skòri,
eller som bygd av Stjerneskin.

Jordi søv i sin Vinterblund.
Maanen lyser paa Himilrund.
Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.

Braakveikt blenkjande, straalerein
bivrar den Glitring um Kvist og Grein.
Det er liksom Lunden livde,
straadd med Perlur og Glimestein.

Stirande inn i den sylvblaa Glans
Veslemøy stend utan Hugs og Sans;
daa ser ho med ein Gong Møyar,
kvite Møyar som gjeng i Dans.

Kvite Møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i Stìg og Sving.
Det er som ein Dans i Draumar
til Takt av stilslegt Sylvklokke-Kling.

Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjolar av Maaneflor hev dei paa;
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar smaa'.

Haare flyt i vallande Flaum
ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum.
Yvi dei bleike Vangar
Stjerne-Augo i stille Draum.

Aldri saag dei den varme Dag;
stilt det er i det Ungdomslag.
Stivt dei i Dansen smiler.
Kalde søv desse Andlits-Drag.

Lengi tryllt maa Veslemøy staa,
drøymd den Dansen stirande paa.
Daa nikkar dei som til Helsing.
Og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.




Heilagbròt

Ho tuslar stur i Kring
og lite mæler
og frys um tronge Bring
og ymist fæler.

Skal snart ho av og bu
paa Drauge-Øyar?
Kva vil dei henne, tru,
dei bleike Møyar?

Ho gjeng i kalde Vind,
men heit maa Brenne.
Den vonde Styngen sin
ho att fær kjenne.

Imillom Ku og Lamb
ho gjeng og drøymer,
og vimar att og fram
og all Ting gløymer.

Ein Sundag med si Mor
ho gjeng til Kyrkje;
ho vil med heilagt Ord
sin Vanhug styrkje.

Det heng fraa Have inn
med Musk og Væte.
Døyvt syng i Skodda stinn
det Klokke-Læte.

Der millom Greftir sein
og hugtung rek ho.
Der ligg eit morki Bein;
det til seg tek ho.

Ved Barm med vyrdsam Agt
ho vil det live;
det skal den vonde Magt
fraa henne drive.




Kravsmannen

Ho ligg um Natt i Benken sin
og lyder paa den tunge Vind,
som læt og græt um Stova.
Og Timar sig so smaatt um Senn.
Ho frys og skjelv og stundom brenn;
og aldri fær ho sova.

Som so ho ligg der mod og ør,
det bankar hardt paa Ute-Dør,
og henne just det varar.
Ho upp og ut og kring seg ser.
Er Folk paa Veg i slikt eit Vêr?
- Ho spyrr, men ingin svarar.

Tri Gongir slik ho fara maa;
men inkje Liv der er aa sjaa.
Daa maa ho ottast Faare.
Ho breider seg i Benken ned,
og so med Munnen att ho bed
tri Gongir Fadervaare.

Som der ho ligg i Sveitelaug,
paa Golvet blaanar fram ein Draug
som upp av Jordi skotin.
Han stend og stirer still og kvit.
So hinkar han aat Sengi hit;
tungt dreg han eine Foten.

Av Rædsle nòmi ligg ho kald
og kjenner seg i Daudmanns Vald,
og Halsen inn seg snører.
Den Daude med sin valne Arm
fùmlar seg inn aat strøypte Barm
og ved det Beinbròt rører.

«D'er mitt, d'er mitt,» han mullar haas;
«du braut den sterke Vigsle-Laas
og stal mi Kneskjel-Spilre;
kom att, kom att, legg Beine ned;
fyrr fær eg ikkje Kvile-Fred,
men maa som Dauding vildre.»

Han kverv; og smaatt ho vaknar or
og graatande hjaa Gamlemor
i Storeseng seg gøymer.
Til henne alt ho segja maa.
Daa finn ho Ro; daa ser ho Raad.
Og snart i Svevn ho drøymer.

Men ute Vinden strøymer.




I Skodda

Ho stend for Glase, der Regne dryp.
Ved Barmen hev ho ein Daudingklyp.

Daa vaknar paa nytt det kalde Agg;
ho paa seg riv sine Kyrkjeplagg.

I Lin-Duk legg ho den Beinstubb inn
og hastar til Kyrkja i Skodd og Vind.

Der grev ho aat Beine so trygt eit Reir.
Men daa ho skal sjaa, ho hev det kje meir.

Som klumsa stend ho; leitar og bed;
men burte er Duken og Beine med.

Daa kolnar ho burt, daa er ho kje glad;
ho grev og leitar paa all den Stad.

Ho grev og leitar med ville Mot;
ho grev til det blø'r under Nagla Rot.

Ho leitar til Handi er blaa og stinn;
men burte er burte. Ho inkje finn.

Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok.
Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok.

«Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi!
- I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!»

Burte er han paa lette Legg.
Vinden yler um Kyrkjevegg.

Einsleg stend ho i raadlaus Gru;
Vinden dundrar i Kyrkjebu.

Det javlar i Jordi, ned-døyvt, stridt:
«kom att med Beine ... med Beine mitt ... »

Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn;
Skodda myrknar um Kyrkjetind.

Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang ...
Ho skrik av Rædsle og sèt paa Sprang.




Veslemøy sjuk

Ho ligg i Febervilla
Dagar og lange Næter.
Gamlemor steller best ho kann
og stilt for Veslemøy græter.

«Du store Mann der uppe,
du leggje kje dette paa meg!
Du veit ho er det siste eg hev;
du maa kje ta Gislaug fraa meg.

Son min drog yvi Sjøen;
han var ikkje Guten hæve.
Eldste Dotter mi kom til By'n;
der gjeng ho no som ei Tæve.

Andre Dotter mi døydde;
det kunde mitt Hjarta brjote.
Arme gode Lisabet mi,
du skulde kje Live njote.

No hev eg ikkje fleire;
du maa meg i Naade spara!
Lat meg faa sitja med Gislaug i Ro,
til eg or Heimen skal fara.»

Men Veslemøy ligg i Ørska
og saart seg ankar og øyar.
Ho kavar med Skrymt og Heimgangs-Draug
og mullar um Maanemøyar.




Snøstorm

Tungt dùnar det ute og bryt og brakar
og myrknar med Tjukkne og Kave.
Det gyv yvi Heidar, og Isar knakar,
og Tordyn rullar fraa Have.
Dei løyste Magtir um Jord seg trengjer,
og Stormen velter, og Frosten sprengjer,
og Leid og Led
vil drive ned,
og alle Vegar seg stengjer.
Og Vargane gøyr i dei høge Urdir
med Blodskùm um blaanande Tenner;
og Nøkken i Os under Isen lurer;
fraa Grendine Naalugt han kjenner.
Og Havdraug bleik gjenom Ròke luvar
og skrik i Stormen og hæ'r og huar
og lær so kaldt;
no fær han alt!
Med Lik seg Marstrandi bruar.
Og Himil og Heid og dei graae Knausar
gjeng saman i Gòv og Skodde.
Det ramlar i Berg og i høge Hausar;
det kokar um Baae og Odde.
Dei løyste Magtir vil Verdi øyde
og allting rive og allting snøyde;
og alt som kryr
seg saman tyr:
skal Live slokne og døye?
*
Ho ligg og vimrar og ilt seg bèr
og stirer mot graae Rute;
det er dei fæle Risar ho ser,
som tumlar i Skodda ute.
Ho skjelv paa si Sengjepute.

Som Skuggar av Fjell dei ragar ikring
og Hovud i Sky maa sløre.
Dei Himil og Hav og alle Ting
i Hop vil velte og føre
og saman i Gyrme røre.

Ein stend til Live i Havsens Svelg
og rotar det upp fraa Grunnen;
ein ligg i Nord og blæs som ein Belg
med Isgufs or hole Munnen.
Slik Gaphals vart aldri funnin.

Ein annan stend i ytste Nordvest
og dreg inn Skyine tunge;
ei Gyger gufsar som ho kann best
eit Snøfok or fulle Lunge.
So driv ho Vaaren den unge.

Paa Skare-Kula under eit Sva,
der Styggedans gjeng i Joli,
der sit Trollkjeringar tolv paa Rad
og galdrar med Gjèling hóle,
skal freiste aa sløkkje Soli.

Og fær dei Framgang med denne Sak,
so vil desse Risar vinne
og Live slokne med Skjelv og Skak
og siste Dagen sin finne.
Og alt vil daa Isen binde.

Men Soli smiler ovanum Sky;
ho meiner ho kann det herde.
Dei naar ikkje upp med sitt Gnaal og Gny
og Galdresongane svære, -
um aldri dei dette kann lære.




Draken

Han Heilag-Per Aase i Verdi er glad,
og Gardar og Jord eig han nokon-kvar Stad;
men nok hev han endaa kje fengi.
Den Haugastadparten som Gamlemor eig,
det er slik ein lettvint og nibbeleg Teig;
den lurde han etter so lengi.

Og no kann han rekne det meste for sitt;
han Enkja laut hjelpe med Pengar so tidt,
daa Mannen aat Jordi var borin.
Med Rentur det voks, som det var no hans Von;
og no vil han Garden faa sett til Auktion;
so tek han det heile til Vaaren.

Der sìt han i Benken so stabben og tett
og krever av Gamlemor heile sin Rett:
«no kann eg kje lenger deg live!»
Den gamle ho jamrar og veit seg kje Raad;
«aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa?
No vil dei paa Bygdi oss drive!»

Men støkkt maa ho stogge med Graat og med Skrik;
paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik,
og fælsleg ho skifter sin Hamlìt.
Bleik snur seg den gamle til Kravsmannen hard;
«ja no kann du faa baade Stogu og Gard;
men gakk so - med Liv paa ditt Samvìt!»

Han Heilag-Per sìt der i Andlite graa:
«kva er det - kva er det ho stirer so paa?
Ho ser noko! Hu, eg tek Fæla!»
«Aa Barne mitt arme, du tak' det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo,
- skal so eg paa Bygdine stela!»

Men Veslemøy kvæser med kavande Munn:
«sjaa Draken - sjaa Draken - med Gap som ein Brunn ...
og Eldkam fraa Hovud til Halen ...
Aa Fader vaar ... Jesus ... som Djevelen batt ... » -
- Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt
og stuper paa Døri som galin.




Hjelpi

Det er so vondt um Natti;
daa kjem dei Daudingar kalde
hit av den stengde Kyrkjegard
og ringar seg um henne alle.

Og fiktar og slær i Lufti
med Knokar og knytte Hendar
og gaper med glisande Kjakebein
og griner med grésne Tennar.

«Daudingbeine stal du ...
Daudingbeine naut du ...
Kaldt det er paa Kyrkjegard;
Daudefreden braut du ... »

Ho kavar i kjøvde Rædsla
og vrid seg og vondt seg ankar;
Gamlemor fær kje i Hjarta Fred
for alle dei myrke Tankar.

Daa sender ho Bod til Presten.
Han kann dei Bandi vinde
og med det heilage, sterke Ord
Vondemagtine binde.

Presten i Kappe og Krage,
høg han for Sengi stend;
so vel han kjenner dei vonde Magtir,
og Harm i Hjarta hans brenn.

Han les av den vigde Boki
Bønir og Eidar harde:
«eg byd deg ved Gud i Jesu Namn,
av Hold og av Ham du fare!» -

Daa gjeng det eit brak um Huse,
og fælt det i Skorstein tyt;
Gamlemor græt med Gledetaarir;
no veit ho det vonde tryt.

Veslemøy slær opp Augo,
dei lyser so vent og blaatt;
daa signer han henne med kvite Hendar;
det gjorde i Hjarta godt.

«Herren signe og vare deg,»
so fagert han for ho bed;
«han late si Aasyn lyse
paa deg og gjeve deg Fred!» -

Presten til Gamlemor talar:
«no trur eg, til Liv det stend.»
So rid han strakt paa staute Folen
ut or den stille Grend.

Veslemøy tryggare sidan
ligg med rolege Faktir.
Gud velsigne den Prestemann!
Han batt dei vonde Magtir.



Dømd
Register Ordforklaringer
Det vaarar