Arne Garborg

Um pengar


Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel - um der ikkje var mat og drikka og klæde å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitugt.

For pengar kann ein få alt, heiter det. - Nei, ein kann ikkje det.

Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.


HR

 
email
Anne K. Sorknes
 
menu Til temamenyen back Tilbake til
Garborg-siden
litteratur Til forrige nivå:
Litteratur
 
Personlig Pedagogisk Filosofisk Litterært Digitalt Diverse

Grafikken er levert av aks.